Foto: Sunnfjord Utvikling AS

Foto: Sunnfjord Utvikling AS

 

PROSESS

Til no har Fortunen Arkitektur hatt møter med dei ulike aktørane i sentrum; eigedomseigarar og næringsutviklarar, samt politikarane i planutvalet og representantar frå dei sentrale funksjonane i Førde kommune. 

Det er mange pågåande planar i sentrum som treng avklåring i høve til kvarandre, slik at sentrum i framtida kan framstå som meir heilskapleg. Dette ligg til grunn for Fortunen Arkitektur sitt arbeid.

Vi ynskjer å få eit innblikk i kva mangfaldet av førdianarane
meiner om korleis framtidas Førde bør opplevast. I denne medverknadsprosessen er det viktig å kartleggje kva for drivkrefter som er tilstades i Førde sentrum.

Det blei arrangert workshop på Rådhusplassen fredag den 10. og laurdag den 11. november. Fortunen Arkitektur presenterte det pågåande arbeidet sitt med sentrumsstrategien, i tillegg til at dei arrangererte ein inkluderande workshop for og med førdianarane i alle aldre. Vi inviterte alle til å gi oss sine tankar og innspel om korleis Førde burde sjå ut og opplevast i framtida, samt kva byen vår burde innehalde. For dei som ikje hadde mogeligheit til å delta på workshopen kan ein skrive sine innspel, takar og ynskjer på denne nettsida, på "skriv dine tankar"- fana øverst til høgre. Alle innspel er anonyme og vil bli tatt i betraktning i det vidare arbeidet med sentrumsstrategien.