Førde_hjemmeside_collage_liten.jpg
 
 

FØRDE SENTRUMSSTRATEGI

Fortunen Arkitektur er engasjert av Førde kommune for å utarbeide ein sentrumsstrategi for den vidare utviklinga av Førde sentrum. Sentrumsstrategien skal vere eit kommunalt utviklingsverkty til vegleiing for det vidare planarbeidet i Førde sentrum.

Målet er å skape eit meir heilskapleg sentrum i framtida, samstundes som ein ynskjer å ivareta fortida og Førde sin identitet. Prosjektet fokuserer på å utvikle Førde til ein stad der investeringslyst og handelen kan blomstre. Samstundes bør det leggast til rette for at folk i alle aldrar kan bu og trivast i eit sentrum som tilbyr eit mangfald av innhald og aktivitetar, grøntareal og møteplassar.

Korleis kan sentrum fortettast og vidareutviklast?

Kva saknar du av innhald og aktivitetar i dagens Førde sentrum? 

Kva kan kommunen bidra med for at du skal velje å bu og handle i sentrum?

På denne nettsida ynskjer me å få innblikk i dine tankar om framtidas Førde. Trykk deg inn på "SKRIV DINE TANKAR" og gi oss eit skriftleg innspel allereie no.

Dei skriftlege innspel er anonyme og vi tar dei med oss vidare i vårt arbeid med Førde sentrumsstrategi.